fredag 27. juni 2008

Tjukkebolle feitehåret

I dag hadde eg mitt første frisørbesøk på fem år. Det blir nok nokre år til før neste. Frisøren var skikkeleg streng og bestemt. Eg har visstnok FORFERDELIG og GRUSOMT tjukt hår, eller hadde blir vel rett å seie. Før eg rakk å forsvare det som no føltest ut som overvektig hår, tok frisøren saksa og hogg i vei. For ho klipte ikkje. Ho hogga. Groteskt og fort. Resultatet blei tynt og pistrete. Hadde eg ikkje hatt luggen (som gjer at eg føler meg litt som Uma Thurmann i Pulp Fiction), veit eg ikkje kva eg hadde gjort.


Kjolen er secondhand frå eit bruktmarked under Moldejazz nokre år tilbake. Den er kjempefin, men dessverre utruleg ubehageleg å gå med.


Jo, så blei frisøren sint når eg sa at eg ville ha fargen lysare. Eg måtte da forstå at for å dekke rødfargen under var det nødvendig med mørke, mørke, (mørkemørkemørke), mørkebrunt

3 kommentarer:

Anna sa...

Oj, det va fint! Utrulig fint. Du va nesten bittebittelitt ugjenkjennelig.
OG: Ej elska den kjolen. Du bør låse den godt inne om natta heretter.

www.kristinakh.com sa...

åå, kor fine du vart :)

Oda sa...

Tusen takk til dokke begge to! :-D og den kjolen er så trang at det kjennast ut som ein blir kvelt. Ein får ærleg talt ikkje til å puste skikkeleg i den. Så dersom eg skulle låst den inne om natta hadde det vore for at du ikkje skulle lide ein langsom og grusom kveledød. (men ja, den er kjempekjempefin :-)