onsdag 28. oktober 2009

Kvar er dykk no, skrekkslagne born?


denne sida kan ein lese om kvar skrekkfilmkjendisborna bedriv tida si med. Særs interessant. Visste du til dømes at desse to sjarmtrolla har blitt litteraturviter og mikrobiologist? Beroligande.

Og for dei som lurer kva eg bedriv tida mi med. Eg er yogaelev under den fabelaktige Bindu Gyanam. Yogayogayoga, Butoh- dans, arbeid i kunstnerisk utfoldelse. Akkurat der. Eg vil og skal vere. Godt og Urolegande.

onsdag 2. september 2009

onsdag 12. august 2009

Kameraklikk, ein



Frå hageselskapet som blei innandørs.




tirsdag 14. juli 2009

Skulle ynskje tatoveringssjapper i Noreg hadde slik ein fin veggpryd


(og det er eigentleg alt eg har å formidle akkurat no. Insomnia og intensiv jobbveke går ikkje akkurat hand i hand).

onsdag 24. juni 2009

Nu åker jag


Ja, for i følge austlendingane taler eg svenska. Når eg då seier eg er frå Norge, frå Sunnmøre, etterliknar dei dialekta mi med å snakke nordlænning. "Ej ekje derfrå", blir svara med at eg får ekstra tips dersom eg snakkar bokmål. Som i følge dei er det einaste som er norsk.

Så nu åker jag til Dei nynorske festspela. Dei gamle fjell i syningom ER alltid eins å sjå. Det blir ikkje så gale å sjå kvite strender, sol og hav til veka heller...

(Ikkje for å disse svenskane, men kanskje dei burde ha meir dialektlære dei og. Är ni óg från Sverige? Nei. Vestland, vestland. Smiler eg).

søndag 24. mai 2009

Klåkka tjueentrettifire


Klåkka tjueentrettifire er eg framleis dårleg etter laurdagskvelden. Det å prøve og halde tritt med nesten to meter høge mannfolk sitt alkoholkonsum, går bare ikkje. Akkurat no er eg i Volda. I går var eg i Ålesund og i morga reiser eg til Trondheim. Desse ti dagane eg har fri har vel ikkje akkurat blitt så avslappande som eg ville. (Dog, når ein er så kvalm og har så låkt at ein ikkje klarer å bevege seg og ikkje står opp før det ringer på kl seint og har med tinga dine og ein et godis og ser half nelson saman og bruker resten av kvelden på ingenting, da har det vel blitt litt avslapping) På torsdag blir det Hadeland igjen. Eplehager, stort hus og jobbing.

Spanande trur eg vi kallar det.

onsdag 6. mai 2009

vi fortsätter spela rock 'n' roll men vi håller på att dö


Vi har festivalveke. Og er har forberedelsar. Mykje. Min einaste halvtime i dette døgnet der eg får gjere det eg vil, er no. Så eg skriv blogginnlegg og les atter ein gong I ambulanse av johan harstad.

fredag 24. april 2009

onsdag 15. april 2009

Lære å elske ein meir



Eg er glad for å gå på ein slik fantastisk skule saman med så mange vakre menneske og spanande fag. Det er ganske rart at etter å ha brukt ein heil mandag på sjukehuset med diverse undersøkingar som ikkje førte nokon anna veg enn at eg måtte utsette reisa mi ein dag og blei sjuhundre kroner fattigare, kjem eg hit og den eine læraren legg handa si på skulderbladet mitt (gratis). Det er senene mine det er noko gale med. Ho gir meg akupunktur slik at musklane mine får slappe av, stimulerer energibaner og ordne opp på kroppen sitt vis. På eit minutt kjenner eg at kroppen er i forandring. Den har byrja å jobbe igjen. Det er vondt, men rikig. Godt og levande.

Alternative behandlingsformer er altfor undervurdert. Øyrelys som dykk ser på biletet tildømes, kan hjelpe mot veldig mange sorta øyreplager. Til og med tinnitus.


No skal eg ete kveldsmat, eit av fire måltid eg får servert kvar dag. Eg er sliten i skuldra etter å ha holdt på med glasbildemaling heile dagen med ein av ti i Noreg som er utdanna i faget. Difor skal eg få aromaterapi av venninde etterpå. Eg er så TAKKNEMMELIG.

fredag 10. april 2009

tirsdag 7. april 2009

Perler for svin

Eller perler for andre dyr. Menneskeperler. Eller berre gale perler spredd

Blogglaging i raudvinsrus gir gode resultat.

lørdag 4. april 2009

Ein dag på to


Eg er heime igjen. Frå Italia. Med litt for mykje slit, kaffe og karbohydratar (les pizza og pasta) skal denne allereie todelte sovedagen handle om ashtanga- yoga, linsesuppe, rensking av solar plexus og avslapping. Alternativ leveveg- klisje er jo faktisk tingen.

fredag 20. mars 2009

Godt og godt









Nam! Tenker du sikkert no. Og det er heilt riktig. Det smaker utrulig godt. Det er naturleg. Ikkje så dyrt. Og det funkar faktisk. Vi har lært oss å lage ansiktsmaske in the nature way. Noko som huda er svært glad for. Denne ansiktspleien vil ikkje gjere deg til spesialavfall når du døyr (slik som med dei fleste parabenfylte kremer vi smører oss med).

Nokre tips:

* Tørr hud: Honning eller banan. Blandast med nokre spiseskeider yoghurt naturell

* Utmatta hud: Bruk kaffegrut som peeling

* Feit hud: Kiwi eller jordbær. Blandast ut med nokre spiseskeider yoghurt naturell

* Ansikstsrens: Bland rive appelsinskal (to ss) med yoghurt naturell (4 ss) og nokre dråper sitron (skal berre vere på i tre minutt)

* Slitne auger: Kamillete

Alt bortsett frå ansiktsrensen skal vere på i ti til femten minutt. Det er herleg og effektivt. Og smakar heilt fantastisk.

onsdag 18. mars 2009

Som show boat og anything goes saman! (på land)


Eg skal jobbe på båt i sommar. Då snakkar eg ikkje om svære, stygge trålerar i Nordsjøen, men ein selskapsbåt. På tidleg 1900- tal hadde den si glanstid der den tok med overklassa på idylliske båtturar i Randsfjorden. Den var ein av Noreg sine vakraste sjøfarkomstar og var svært ettertrakta. Tenk på alle dei fine fruene med smale midjer og store ego som har kjempa sine kjærleiksintriger iherdig og på deira gentleman- menn som viser seg å ha heite elskovsaffærer med servitrisene! På glamouren, løgnene, maktkampen og lukkekjensla av båtlivet og fri, norsk natur. Eg tenker Victoria av Knut Hamsun, eg tenker på barnebøkene om Gulltopp, eg tenker på min kjære Henrik Wergeland. Men mest av alt Show Boat og Anything Goes.

Det må jo nemnast at ein pyntebåt som denne ikkje flyter lenger, men er tatt opp på land, bygd hus rundt med brygge til, laga restaurant av og er open frå 29. mai til slutten av august. Den speler førkrigsjazz dagen lang og i styrhuset finn ein baren som opnar klokka ni. Der er stamgjester, gjester som kjem med båtane sine, turistar, rømlingar og lokale. Kom. Kom. Kom. Eg gleder meg.

Eg trur nok at ein Hadeland- sommar blir heilt annaleis enn ein Sunnmørs- sommar. Eg merker at det er ei rar kjensle og ikkje vere knytt til Volda lenger. Eg kjem til å sakne menneska og fjella. Men slike jobbmoglegheiter veks verkeleg ikkje på tred. Dei finnst knapt ikkje.

mandag 16. mars 2009

Fem minutts følge

Eg har eigentleg ikkje tid til å skrive blogginnlegg i dag, men sidan tid er fiktivt tek eg meg likevel nokre augneblink til dette formålet. Difor nokre få saker på same blogginnlegg:

Fyrste.

Etter at skulen var ferdig har eg: vore på bokkafeen med Alvilde og sett på vakre, kongelege, norske kvinner. Hatt stemmeterapi. Og jobba med rakuleire. Raud neglelakk spritar opp alt. No skal eg sjå den finfine fröken sverige saman med Elin og Hannah.



Andre:

Vi har eit så fint speil på rommet våra. Man blir brun og fin i det. Perfekt for dårlege dagar.


Så prøver eg å lære meg og påose. Høhø. Med denne jenta som inspirasjon. I går kveldnatt.


Tredje.

Sjølv om eg hadde besøksrekord den dagen var det ingen som ville dele kva dei las. Sånnkandetgå. Jajajaneija.


Off. No masar dei og vil sjå film. Eg får berre trykke på PUBLISER