onsdag 18. mars 2009

Som show boat og anything goes saman! (på land)


Eg skal jobbe på båt i sommar. Då snakkar eg ikkje om svære, stygge trålerar i Nordsjøen, men ein selskapsbåt. På tidleg 1900- tal hadde den si glanstid der den tok med overklassa på idylliske båtturar i Randsfjorden. Den var ein av Noreg sine vakraste sjøfarkomstar og var svært ettertrakta. Tenk på alle dei fine fruene med smale midjer og store ego som har kjempa sine kjærleiksintriger iherdig og på deira gentleman- menn som viser seg å ha heite elskovsaffærer med servitrisene! På glamouren, løgnene, maktkampen og lukkekjensla av båtlivet og fri, norsk natur. Eg tenker Victoria av Knut Hamsun, eg tenker på barnebøkene om Gulltopp, eg tenker på min kjære Henrik Wergeland. Men mest av alt Show Boat og Anything Goes.

Det må jo nemnast at ein pyntebåt som denne ikkje flyter lenger, men er tatt opp på land, bygd hus rundt med brygge til, laga restaurant av og er open frå 29. mai til slutten av august. Den speler førkrigsjazz dagen lang og i styrhuset finn ein baren som opnar klokka ni. Der er stamgjester, gjester som kjem med båtane sine, turistar, rømlingar og lokale. Kom. Kom. Kom. Eg gleder meg.

Eg trur nok at ein Hadeland- sommar blir heilt annaleis enn ein Sunnmørs- sommar. Eg merker at det er ei rar kjensle og ikkje vere knytt til Volda lenger. Eg kjem til å sakne menneska og fjella. Men slike jobbmoglegheiter veks verkeleg ikkje på tred. Dei finnst knapt ikkje.

2 kommentarer:

Anonym sa...

viss ikkje oda kjem til fjellet, maa fjellet kome til oda, eller noko slikt. eg vil vertfall kome paa besok. <3

Oda sa...

Og det er du hjartleg velkomen til :-)