onsdag 15. april 2009

Lære å elske ein meir



Eg er glad for å gå på ein slik fantastisk skule saman med så mange vakre menneske og spanande fag. Det er ganske rart at etter å ha brukt ein heil mandag på sjukehuset med diverse undersøkingar som ikkje førte nokon anna veg enn at eg måtte utsette reisa mi ein dag og blei sjuhundre kroner fattigare, kjem eg hit og den eine læraren legg handa si på skulderbladet mitt (gratis). Det er senene mine det er noko gale med. Ho gir meg akupunktur slik at musklane mine får slappe av, stimulerer energibaner og ordne opp på kroppen sitt vis. På eit minutt kjenner eg at kroppen er i forandring. Den har byrja å jobbe igjen. Det er vondt, men rikig. Godt og levande.

Alternative behandlingsformer er altfor undervurdert. Øyrelys som dykk ser på biletet tildømes, kan hjelpe mot veldig mange sorta øyreplager. Til og med tinnitus.


No skal eg ete kveldsmat, eit av fire måltid eg får servert kvar dag. Eg er sliten i skuldra etter å ha holdt på med glasbildemaling heile dagen med ein av ti i Noreg som er utdanna i faget. Difor skal eg få aromaterapi av venninde etterpå. Eg er så TAKKNEMMELIG.

3 kommentarer:

Hauk sa...

som en mindre vulgær turboneger vokalist

Ingrid sa...

Så herleg det høyrest ut å vere der!:) Hadde eg hatt råd ville eg kome dit med ein gong. Håpar det går betre med deg no btw, fekk høyre den litt dramatiske historia:/ Og tusen takk for den herlege masasjen, du er kjempe flink og snill på ein gong. yey! Klemklemklem

Oda sa...

Eg forstår ikkje heilt kva du meiner, Hauk. Å, Ingrid. Det er veldig godt her og det er godt å høyre slike ting!