
Eg innrømmer gjerne at eg ofte lar utsjånad bestemme når eg handlar. Dersom ei bok er kjempefint illustrert, kan eg kjøpe den utan å ha lest baksida eingong. Samme med kosmetikk, plater og filmar. Det beste er at eg angrar nesten aldri. Det løner seg å gå etter utsjånaden. Slik som med denne augegeléen frå Benefit. Eg vaknar ofte med poser under augene og som det står på den: one poof and it's all gone. Ein treng berre å ta pittelitt også (noko som kan rettferdiggjere prisen). Den har eit fantastisk fint femtitals- design og så fin eske! Og overalt står det søte slagord som gjer ein glad og morgenen betre.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar