søndag 3. august 2008

Mitt beste kjøp nokon sinne




Når eg skriv "kjøp", høyrest det så feil ut. Sjølv om gitaren er det dyraste eg nokon gong har kjøpt, kjennast det meir ut som ei gåve eller som eit dyr ein kjøper, men gløymer at det kan koste pengar fordi ein blir så forferdeleg glad i det. Eg trur at dette er det einaste innlegget hittil med "Eg elsker"- etikett der eg verkeleg kan stå inne for det. Hjartet mitt dunkar faktisk litt fortare kvar gong eg tenker på den. Og eg blir irrasjonell og tenkjer at det er verdens beste nylonstrenger. Sjølv om ordtaket seier at alle syns best om sine eigne born (her gitarar), trur eg faktisk eg kan påstå at den kjem høgt opp på lista. Både gitarlæraren min og sensoren eg hadde på eksamen meinte at alle overtonane og den særeigne klangen var kjempevakker og kjempesjelden. Sensoren sa faktisk at det var ein av dei beste klangane han hadde hørt på ein nylongitar (og han var profesjonell klassisk gitarist). Så spurte han kvar eg hadde kjøpt han:

Gitaren er frå London. Nærmare bestemt Yamahabutikken i Soho. Etter å ha traktert Denmark Street og Classic Guitar Center utan å finne ein gitar der kjemien verkeleg stemte, tipsa læraren min meg om Yamahabutikken. Der sa det PANG! Som i innlegget nedom beskriv, var det sjølvsagt utsjånaden som først fekk mi merksemd. Den hadde ein mørk tredfarge og var dekorert med rosa blomster og grøne blad. Det var den vakraste gitar eg hadde sett. Og når eg prøvde den og høyrde den fantastiske lyden og kjente kor god den var å spele på, visste eg at dette var THE ONE. Eit godt tips dersom du skal kjøpe gitar er å ikkje berre fare innom musikkforretningar som spesialiserar seg på gitarar. Der eg kjøpte min var utvalget lite. Likevel var det ein kvalitetsbutikk så gitarane hadde veldig god standard. Det var også avslag på mange av dei. Min var det til dømes 30 % rabatt på.

Grunnen til at eg måtte fortelje dykk om gitaren min, var at den nesten har vore uspelt i 7 veker. Eg har slitt med seneslitasjer i venstre hånd i over eit halvt år og etter eksamen var hånda mi så vondt og utslitt at ho trengte ei lang pause. Når eg byrja å spele på den igjen, var det nesten som ein slags a- ha- oppleving, eller som eg på nytt oppdaga kor fantastisk den var og blei så full med kjærleik for den at eg måtte skrive eit kjempelangt blogginnlegg. Eg var veldig redd for å ha gløymt mykje av det klassiske repetoaret mitt, men fingrane veit alltid kor dei skal. Ein treng eigentleg ikkje å tenke, berre la fingrane gjere sitt liksom. (Åh, det er så herlig å spele eit instrument!). Det er nesten som ein slags meditasjon. Eg føler meg alltid mykje betre og avslappa etterpå... No speler eg frå Real Book og ser om jazzteorien framleis sit. Dog, eg trur den er litt meir rusten.

Jo, forresten: Dersom nokon lurte er gitaren er av merket Manuel Rodríguez e Hijos og er håndlaga i Spania. I kassa er det faktisk eit bilete av mannen sjølv som smiler mot deg. Både lokk og bunn er av sidertred og når ein smiler tilbake til Rodríguez kjenner ein godt den streke lukta av tredet framleis.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Øvste bilete = Villa Lobos Etude nr 1. Festleg med dimgrep.

Oda sa...

Eg var nysgjerrig på om nokon kom til å ta den ;-)