torsdag 2. oktober 2008

Grusomheiter og paradis



Det er altfor lenge sidan sist. Det er altfor mykje som har skjedd sidan sist og det er altfor vanskeleg å skrive blogginnlegg nummer trettifire.

Eg kan starte med å skrive at eg har det fantastisk. Etter det vil eg skrive at eg har ein H- knapp som av og til ikkje fungerer og det fører til at er og der blir h- en utelatt. Så det. Det er grusomt å skrive blogginnlegg nummer trettifire. Eg burde skrive eit langt blogginnlegg nummer trettifire om alt som har skjedd og alt som skjer og alt som kjem til å skje og alt eg vil skal skje og at det må skje. Men alt eg skriv er at alt er paradis. Eg elsker skulen min, alle dei nye impulsane, alle dei nye austlege tankane, måten å vere på, alle menneska.

Meir skriveri etterkvart. No er heldigvis blogginnlegg nummer trettifire overstått. Puh!


2 kommentarer:

Anna sa...

Neimen, er det liv her igjen? ;)

Anonym sa...

Eg ser fram til blogginnlegg nummer trettifem. No ser eg på dead like me :)