Oi. Dette blir tre blogginnlegg på same dag. Som blir like mykje som alt eg har skrive sidan sommaren. Som igjen blir ein merkeverdig prosentdel av blogginnlegga eg har skrive nokon gong. Eg likar å skrive i dag. Det er noko med det å skrive og prestere som har lagt seg som stressmonument sidan skuletida, og som eg har prøvd å unngå lenge no. Det handlar om at alt har blitt så forandra etter sommarferien. Vidaregåande var ei travel tid og det er ikkje før eg blei ferdig at eg verkeleg kjenner kor sliten kroppen er.
Difor er Vestoppland Folkehøgskule så godt. Det er ein skule som gir deg håp om at livet ikkje treng å vere A4. Den er bunden i austleg filosofi og veremåte og er holistisk. Skulen handlar om sjølvutvikling. Det høyrast kanskje pretensiøst ut å finne seg sjølv, men det er så fint å jobbe med det som utgangspunkt i alt ein gjer. Det følest nesten som ein er på ein rekreasjonsheim. No kan eg endeleg tillate meg å lytte til kva EG vil. Og gjere det som kjennast riktig. Eg får jobbe med kunst der fokuset er på prosessen og dei opplevingane som oppstår der, meir enn å lage noko som er pent og pyntelig. Eg får drive med yoga. Eg får lære om alternative behandlingsmåtar. Eg får lære om energiar, charkraer og meridianar. Eg lærer å tru på krafta i mennesket. Og ikkje minst å puste.
Det med pusten er jo ganske fascinerande. Vi gjer det konstant, likevel er det så få som tenker på den. Den er ikkje automatisk som med hjartebank, ein må gjere ein innsats for at den skal vere der. Når ein er barn er pusten god. Dess eldre ein blir, dess meir forsvinn den. Spesielt med jenter som lærast opp til å holde magen inne (noko UnderbaraClara hadde eit godt innlegg om). Pusten blir tvunge oppover. Og det er nesten som den forsvinner. Og med pusten forsvinn tilstedeværelsen. I austleg filosofi seier ein at det er pusten som bind saman kroppen og sinnet. Når fokuset på pusten forsvinn, er det enkelt for mennesket å forsvinne også. Det har vore veldig godt å bli mint på pusten igjen. For å kome i gong treng ein berre å sette seg ned i nokre minutt, helst med føttene i bakken, og fokusere på at pusten går inn. Ut. Inn. Ut og at den får kome skikkeleg inn i kroppen. Det er jo dette meditasjon handlar om óg. Til slutt blir det integrert i kvardagen.
Eg merker at det er skummelt å skrive råd om ting ein er opptatt av. Eg vil jo ikkje at bloggen min skal framstillast som ein odadenopplystegirfantastiskerådsomforandrardinkvardagradikalt- blogg. Det er berre nye erfaringar som eg vil dele med dei eg bryr meg om... og for den del resten av verda også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei Oda :) Så kjekt å lese på bloggen din igjen. Det er plutselig veldig lenge sidan. Saknar deg. Korleis går det med den indre meridianen?
Så kjekt at du synst det er kjekt å lese bloggen min igjen. Meridianane mine har ein flott flyt, takk som spør :-)Eg gleder meg til å sjå deg att og til å høyre om reisa di!
Legg inn en kommentar