
Nokre gongar når musikkspelaren får bestemme kva songar han vil spele sjølv, kan alt klaffe. Som til dømes i dag: Først var det overskya og då byrja "So this is goodbye" av Stina Nordenstam. Dei fine akkordane og den lyse skjøre stemma var så fin til det rundt meg. Nesten før ho hadde fått sunge goodbye og ein add9 som avsluttar det heile, hølja regnet ned. Eg gjekk då forbi sjukehuset og utanfor sto det ei dame som holdt rundt ein mann og gret. Allereie før eg tenkte tanken på at ho antageligvis hadde mista nokon ho var glade i, byrja "Lacrimosa" frå Mozart sitt requiem. På denne tårefylte dag, som lacrimosa eigentleg tyder, passa så godt. Då eg forlengst hadde sett sjukehuset forsvinne bak nokre bjørketred og koret holdt på tonane i det siste amen, kom plutselig sola fram. mp3-spelaren min skifta song igjen og ikkje til ein kva som helst song. Med sola i ansiktet byrja "Sea, sex and sun". Dei rare damestemmene som nesten hylesyng tittelen er så morsomme!
Og med Serge Gainsbourg som kviskra franske, pikante ord i øyra mine, kunne eg ikkje gjere anna enn å knise.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar