lørdag 21. juni 2008

To overraskelsar

Linnea måla dette bilete av tekanner til meg. Nydeleg var det! No heng det på kjøkkenet mitt. Eg har også fått ein hemmeleg lapp i dag. Eller fått og fått. Den har sikkert hengt der lenge. Då eg skulle ta ned eit anna bilete for å få plass til tekannemåleriet hang det ein lapp på spikeren. Skrifta var ikkje gjenkjenneleg og på lappen var det skrive "Å drive med småting er nyttelaust i ein verdssamanheng". Bodskapen var kanskje ikkje så koseleg, likevel gjorde den dagen litt meir spanande. Og litt meir mystisk.Nokon som vil gi seg til kjenne?

4 kommentarer:

Anonym sa...

Bilete var nydeleg,ja. Det er jo hylla på Linnea sitt rom. Når det kjem til den mystiske lappen syns eg skrifta såg kjent ut, men eg klarar ikkje å plassere ho. Har du spurt søstra di?

Anonym sa...

Eg syns forresten at vi må ete is ein dag, sjølv om det ikkje er sol. Vi kan ro jolla ut til gata og kjøpe is på naustet, om eg berre finn årene.

Oda sa...

Det har eg. Så lenge det ikkje er store bølger på fjorden, høyrdest det ut som ein kjempefin plan :-)

Anonym sa...

Hauk ?