mandag 16. juni 2008

Om det å lære og elske meir og kvifor


Miranda July

Lære å elske ein meir kan høyrast ut som ein merkeleg bloggtittel. I mitt forsvar kan eg seie at det er ei nesten nøyaktig oversetting. Den eigentlege navneskaparen er performance art- kunstnaren Miranda July (høyrast navnet kjent ut har du sikkert sett me and you and everyone we know). I tillegg til å lage levande kunst har ho ei nettside som heiter learningtoloveyoumore.com. Denne tek opp alle dei fine tinga ein veit om på ein veldig fin måte. Ein oppdagar det å sette pris på stort og smått, middels og kjempesvært. Det er rett og slett ei fin side. Eg skal ikkje skape den same sida. Det er både dårleg gjort og lite inspirerande. Difor skal eg prøve mitt aller ypperste på å la denne bloggsida bli eit fin måte å formidle fine ting på. (fin, fin, fin: eit finfint ord å bruke opp på sitt første blogginnlegg)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ein fin start på noko som sikkert blir ein kjempefin blogg. Og kommande år blir det nok hyggeleg å ha ein blogg å besøke, når ein eigentleg vil besøke deg.

Oda sa...

Det var det som var litt av tanken :-)