Mormor og rips er nesten som synonymar. Dei ser begge to søte og mjuke ut, men kan ofte vere syrlige og skarpe. Ikkje på ein dum måte, heller tvert imot. Når mormor seier "essa, eg lige ikkje tjukke damer" på den skarpe sørlandsdialekta si, er det alltid meint godt på ein eller anna måte. Godheita strålar alltid igjennom. I dag har eg vore på besøk med mormor heile dagen. Det var så herlig! Eg gløymer at eg snart er som vaksen å rekne og blir fire år igjen. Mormor sin store hage blir omgjort til eit eventyrland der ein kjempar mot onde trollmenn, skyt brødre som har latt seg omvende, et seiersmat og syng så høgt ein vil.
Når ripsbæra blir fine og raude skal eg plukke uendelege bøtter med rips til mormor.
tirsdag 17. juni 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
ODA!
du e so søt!
Det var fint sagt, Anna. Tusen takk!
Ej laga en liten link hit frå sida mi ej. Viss ej fe lov?
Ja, sjølvsagt kan du det :-)
Legg inn en kommentar