
Etter forrige sommar då eg og Gjertrud var saman i 33 døgn i strekk, altså 792 timar eller 47520 minutt eller 2851200 sekund, følte vel vi begge at vi hadde litt tid å ta igjen denne sommaren. Difor: ei veke til Oslo med ein visitt på Øya. Etter å ha lest bloggar der bloggaren befinn seg i Oslo har mitt syn av byen som ein stygg, ukoseleg og ekkel plass forbedra seg radikalt. Eg gleder meg til å sjå byen og alle dei koselege plassane som visstnok skal vere der og vere saman med alle dei koselege menneska som eg veit er der.
3 kommentarer:
Stygg, ukoseleg og ekkel? Nei! Oslo er vakkert.
Er du fortsatt i Oslo? Veit du kva eg fann når eg rydda i skapet mitt? Eg fann ei brun strikkajakke som er di. Eg lånte ho ein gong i russetida då eg gjekk heim frå rust. Eg tur du må få den att. Eh og Hallgrim planegg å gjer på noko neste fredag, altså den 15. Er du heime då?
Anna: Stygg, ukoseleg og ekkel er den ikkje, men direkte vakker er ikkje det første eg tenker om hovudstaden vår :-)
Heidi: Eg er heime no :-) Eg trur ikkje heilt eg veit kva jakke du meiner, men det blir spennande å sjå på neste fredag. Eg er veldig heime da :-D
Legg inn en kommentar