
Som du ser har ripsa blitt fine og raude og som du kanskje hugsar lova eg å plukke uendelege liter til mi mormor. Vel, uendeleig er litt upresist, men likevel kjennast det ut som eg har holdt det eg lova. Mormor var i alle fall nøgd med tretten liter små, syrlege, søte mormorsynonym.

Og etter intens ripsplukking var det godt å legge seg flat i det regnvåte graset i knallblå regndress. Det er så fint å ligge slik heilt stille. Graset lagar så morsomme lydar!



Det er deilig å legge seg i nattkjole med rytsjer, i eit rom med nydelig tapet og i ei seng med gardiner.
2 kommentarer:
Åh, nattkjolen din liknar på dei som damene på gamlisen min brukar. <3
Det er mormor si! og heime har eg ei nattbukse som er gamle tante Agnes si. Eg elsker gamle nattklede. Dei har mykje betre kvalitet og har mjukare stoff :-D
Legg inn en kommentar