onsdag 13. august 2008

Trøtt



Når eg starta å lage rips- og appelsinmuffins klokka elleve, trudde eg ikkje at det ville ta så lang tid (Sidan tidstingen på bloggen min er heilt feil, kan eg informere om at klokka er straks to). Eg er stuptrøtt. Heldigvis smakte dei himmelsk og såg enda betre ut. Så høyrde eg på filmmusikk til once på youtube samtidig og sang med på liksom- engelsk. Trur eg må finne tekstane på internett for eg trur dei er veldig fine.

PS: Ja, smilet nederst til venstre er eit konstruert smil. (Og dersom du tenker at det er ingen forskjell på dei to smila, er det fordi eg nesten alltid smiler konstruert. Men på det øvste er smilet eit frivillig smil og ikkje eit få- musklar- opp-med- tvang- smil. Sådet).

*************************************************************************************

På trass av mi trøyyheit (eller kanskje på grunn av?) fekk eg veldig lyst til å skrive om Once. Den var kjempekjempefin og du må få den med deg. I superkorte trekk handlar den om gatesanger som møter på polsk jente som likar songane hans og har ein øydelagt støvsugar. Forholdet dei i mellom er kjempefint og songane dei formar saman, enda finare. Mannenhovudrolla er spelt av vokalist og gitarist i det irske bandet The Frames, og så trur eg han speler i The Commitmens også (eller så berre lignar han forferdelig mykje). Den polske jenta er polsk i røynda og det som er enda kulare er at desse to blei kjærestar etter filmen. Filmen var eigentleg ikkje meint som ein storfilm og er regissert av bassisten i The Frames. Ein merkar på filminga og setting at dette er low- budget, noko som er kjempefint. Hør på songar på youtube og sjå den vær så snill.

2 kommentarer:

Anna sa...

Ripsbær faktisk. Er det like godt som å ha blåbær i?

Oda sa...

Det er godt, men blåbær er BEST :-)