søndag 15. mars 2009

Liste nr. 1


Bøker på nattbordet mitt. Nokre ferdigleste, nokre ganske leste, ei ulest. Frå øvst til nederst.

1. Vente, Blinke. Gunnhild Øyehaug
2. Roma. Gyldendals reiseguider
3. Drømmene dine. Tony Crisp
4. Chakraene. Patricia Mercier.
5. Sveve over vatna. Ragnar Hovland
6. Stol og ekstase. Gunnhild Øyehaug.
7. Siss og Unn. Inger Bråtveit.
8. Utskriven dagbok
9. Love is a dog from hell. Charles Bukowski
10. No one belongs here more than you. Miranda July
11. Kvinner som løper med ulver. Clarissa Pinkola Estés
12. Charlotte Isabel Hansen. Tore Renberg
13. Vanity Fair. Januarutgåva.

Dersom dykk vil, hadde det vore artig å høyre kva dykk les.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer med besøksrekord! Hehe, eg skal dele kva eg les og nett har lese.

5 forrige:
To The Lighthouse. Virginia Woolf
Le Petit Prince. Antoine de Saint Exupéry
L'Arbre Qui Chante - Bernard Clavel
Bikubesong. Frode Grytten
Foe. J.M. Coetzee

Les no:
Candide. Voltaire
Dikt i Umsetjing. Olav H. Hauge
Fedra. Jean Racine
Uro. Finn Skårderud

Var Siss og Unn bra? Er det ein fordel å lese Is-slottet først?

Og kva syntes du om Charlotte Isabel Hansen? Er det berre eg som ikkje oppfattar Jarle Klepp som verdas mest fantastiske karakter, og difor syntes at han ikkje bør vere grunnsteinen i forfattarskapet til Tore Renberg (Noko som tydeligvis er planen hans)?

Anonym sa...

"Social Psychology"
"Personality Psychology"
"Statistics in Psychology"
"Research Design and Methods"

og

"The Island" av Victoria Hislop, som heldigvis er veldig fin (og trist, og tankevekkande, og rar, og veldig skjønnlitterær (og eg les jo sjeldan slikt))

Eg er for øvrig einig med eivind i at Jarle Klepp ikkje er ein god nok karakter til at han bør "stele" heile forfattarskapen til ein såpass flott forfattar som Tore Renberg.

Oda sa...

Så artig å høyre kva dykk les!

Eivind: Så fin blandig av fine bøker. Eg gløymde å nemne "uro", men eg óg les den. Berre veldig sporadisk.

Eg vil seie det slik at det er ein fordel å lese is-slottet og ikkje lese siss og unn. Den handla eigentleg veldig lite om is- slottet. Den skulle handle om mor/ datter- relasjonar, men for meg innfridde den ikkje i det heile tatt.

Jarle Klepp burde gitt seg for lengst. SJØLVSAGT likte eg å lese CIH, men det er fordi Jarle har blitt ein slags såpeseriekarakter som eg bryr meg om og vil følgje livet til. Då er det ikkje så viktig om Renberg skriv boka bra eller ikkje. Eg er einig med deg og Kjellen der.

Kjellen: Mykje pensum ser eg. Håper det er spanande og interessant! Så er eg veldig glad for at du les ei skjønnlitterær bok. Endelig ;-)

Forresten synst eg du burde lagt ut fleire av dei nyinnspelingane dine på lenken til myspacesida di. Dei er jo så fine.

Hauk sa...

for att dette ikkje skal bli for einsida negativt mot Jarle Klepp, så hopper eg inn og seier det som der er: jarle klepp er sjef, the big boy, mistah man, gangstah kid, cool kid, playah, rett og slett ein knakande god karakter!

boka eg leser nå:
foucaults pendel, umberto eco

dei eg nylig her lest:
Ikaros, axel jensen.
The Island of the day before, umberto eco
life and times of michael k. J.M.Coetzee
Leo Afrikaneren, amin maalouf
Lysets hager, amin maalouf